Det startar med...

Bringebær er det fyrste som er mogent på garden, og markerar startskotet på ein hektisk sesong. Akkurat slik me likar det. Allereie rundt 10. juli vert dei fyrste korgene plukka, og boden langs stamvegen mellom Oslo og Bergen blir satt opp.

Bæra våre er alltid dagsferske og eteklare. Skikkeleg mogne bringebær har mindre syre, og er dermed søtare, friskare og betre enn dei du får kjøpt i butikken.

bringebær i salaten?

Bringebær inneheld både antioksidantar og flerie typar vitaminer. Og er perfekt som godteri for ferieturen.

I tillegg til å ete bringebær som dei er, kan man nytte bæra til så mykje. Noko av det vanlegaste er kanskje rullekaker og paier, men kva med nokon bringebær i salaten? Eller til spekematen? Det er også godt til grillmat og i marinader. Det er berre å prøve seg fram!

Produksjon

På Midt-Ljøsne har me ein sort som heiter Glen Ample. Dette er ein sort som er fast og fin, og eignar seg difor veldig godt som bær i korg. Det turre klimaet, kombinert med uendeleg tilgang på vatn frå Lærdalselvi, gjer til at me kan produsere store, faste og flotte bær. Produksjonen av bringebær har med åra blitt redusert til fordel for ei større morellproduksjon, men er fortsatt nokre rekker med bringebær igjen. Når man driv med frukt og grønt er det alltid godt å ha fleire bein å stå på.

Godt samarbeid

Mykje av det me plukkar går til korg, som me sel langs vegen. Berre dei største, finaste og fastaste bæra er gode nok for korg, men om eit bær er litt mjukt eller litt mindre i størrelse enn korgbæra, så smakar det minst like godt (om ikkje betre). Då blir det levert for saft- eller syltetøyproduksjon.

 

 

Bringebærprodusentane i Lærdal har eit veldig godt samarbeid Lerum AS. Ved å fryse inn dagsferske bær, som seinare skal bli til norsk saft og syltetøy.

På denne måten sikrar me veldig god kvalitet på produkta du kjøper i butikken. Samt at ingen mat blir kasta unødvendig.