tindved2.jpg

Tindved

Det er alltid spanande med nye prosjekt, og tindved er det nyaste som blei planta her på Midt-Ljøsne. Førebels er me veldig nysgjerrige, og håpar den vil trivs i jordsmonnet her.

Noko av det som verkleg gjer dette spannande, er at det ikkje finst nokon andre ville vekster med større vitamininnhald enn Tindveden. Eitt bær har omtrent dobbelt så mykje c-vitamin som éin appelsin. Ganske imponerande for størrelsen, som knapt kan måle seg med ei ert! 

Her er det altså myke eksperimentering i vente, både når det gjeld hausting og produkt. Me har snakka om både syltetøy, saft og likør, og svenskane bruker det òg til sild!

Smaksmessig minner den litt som sur tropisk frukt. Dette kan gi kaker, is, saft og drinkar ein heilt unik og spanande smak.

Årsaken til at den ikkje er så veldig populær er nok ikkje grunna smaken, men heller at den er vanskeleg å hauste mellom alle sine spisse torner. Det er ein grunn til at den både på svensk og dansk har fått namnet “Havtorn”. Det norske namnet "Tindved"  stammer frå tida då man brukte det harde treverket frå tindvedbusken til å lage rivetindar (raker).