Ei av dei største utfordringane med morelleproduksjon er at dei ikkje tåler regn. Dette er ganske ulikt mykje anna grøntproduksjon. Og sjølv om Lærdal er ei bygd med lite nedbør, så skal det ikkje så mykje til før ei heil avling er øydelagt. Difor blir nesten heile garden dekka av plasttak kvar sumar.
Og like sikkert som at det må opp kvar sesong, må det taes ned igjen på hausten. Elles river vinterstormane det ned igjen for oss.
Dei fyrste morelletrea våre vart satt i jorda i år 2000. Då starta me med eit såkalla trestrengsystem, der eit plasttak blir hengt opp på tre langsgaånde strenger. I dag er det tre ulike dekkesystemer på garden.
Tre-streng systemet
Tre-streng-systemet består av 12meter lange og 3,5meter breide plasttak. Som henger med strikk og karabinkroker til tre langsgåande strenger. Dette er det elstre systemet me har og er det systemet som er utsatt for å havarere grunna vind.
Tunell
Dei fyrste tunellane vart reist på Ljøsne i 2015. Og me håpar at, i tillegg til å beskytte mot regn, så kan tunellsystemet fange meir varme. Og med det forlenge morellesesongen. Det er også planta litt aprikos under tunellane.
Voen-systemet
Det tredje og siste dekkesystemet som brukes på garden er ein system levert av tyske Voen. Og satt opp med tanke på dei sterke, og skiftande, vindane som er i Lærdal. Voen-systemet fungerer ved flapper som løfter seg, slik at vinden blåser gjennom taket.
Voen-systemet fungerar ved at flappar løfter seg i vind for å forhindre at taket fungerar som eit segl.