Dyra på garden

Det er ikkje berre moreller og andre bær på Midt-Ljøsne. Det er også dyr å finne. Og sjølv om ikkje alle er like nyttige, er me like glad i alle saman.

 

Heilt sidan overtagelsen av garden i 2000 har det vore sauer på Midt-Ljøsne. Sauedrift er kanskje ikkje like sexy som frukt og bær, men den er ei stabil drift. Alle grøntproduskjon er risikofylt og moreller er kanskje verst av alle. Ein morellhage har store oppstartsutgifter, det tar ein del år før ein får skikkeleg avling og ikkje minst er det alltid ein risiko for dårleg avling. For eksempel når trea blomstrar på våren, skal det berre ei natt med frost til for å øydelegge store delar av avlinga.

Så er sau eit veldig nødvendig og stabil bein å stå på, og så er det ganske koseleg å ha levande dyr på ein gard.

 

Her frå bygginga av kaldtfjøs i 2005

Moderne drift

I 2005 vart fjøsen utvida med ein moderne kaldfjøs. Og saman med andre investeringar som høykanon og fôrsilo, er sauedrifta blitt både enklare og effektivisert.

 

 

Sumarbeite

Sumarstid blir sendt dyra på fjellbeita i fjellområda over garden. Der går dei heile sumaren, og går opp og ned mellom 150-1500 moh. Med jamne mellomrom går me opp med saltstein og ser til sauene. 

Sidan 2015 har me også eksperimentert med GPS-”bjeller” på utvalgte sauer. Dette systemet registrerer posisjonen til sauen 2-4 gonger i døgnet. Det har vore interessant å sjå kor mykje sauer faktisk beveger seg, men hovudsakleg har dette vore nyttig å vite kor sauene er når det er sauesank.

 

 

 

På hausten er det sauesank. Det bratte terrenget i Lærdal kan vere ei utfordring, då er det godt å ha med gode sauehundar.

lamming

Rundt påsketider er det lamming. Då er det nokre veker med 24-7 i fjøsen.

 

Utover våren går det med mykje tid til oppgåver som merking og vaksinering av dyra. Også blir det alltid nokre kopplam, som treng ei viss mengde oppmerksomheit.

Det er to hundar på garden, begge av typen Border Collie, Maya og Balto. Border Collier er avla fram som gjetarhund og er heilt avgjerande når sauene skal ned frå fjellbeita.

katt og katt

Dei to eldste dyra er pus og pus. Det er to livsnytarar av store dimensjoner. Dei likar seg best framfor ein varm omn, og sov helst meir enn dei er vakne. Dette til tross, dei gjer jobben sin.

Det har nesten ikkje vore ei mus i huset sidan desse to flytta inn, noko ein ikkje kan klage på.

Høner

"Kvar man si høne" sa Sponheim ein gong på Stortinget som svar til ein mogeleg eggmangel i landet. Her på garden hjelper det ikkje med ei høne for kvar mann. Her får høner leve til dei dauer sjølv, langt forbi verpealder. Burhøns og frittgåande høns er også ukjente begrep, her er det frie høns som møter deg i tunet.

Ikkje like enkelt for alle, då me også har ein litt mannevond hane.

Det heiter ikkje mannevond hane for ingenting

Eit dyr som ikkje er nyttig for noko som helst er den mannevonde hanen. Han har ikkje noko begrep om størrelse, noko som blir veldig tydeleg når han går til angrep på traktoren. Det til tross, er han fortsatt i live. Endå han har ved eit par anledningar har vore einaste overlevande til reven.

Papegøye

Om sumaren er det også ei papegøye på besøk. Dei er av typen Pionus og ho heiter Ponyo.