Lærdal er blandt Noregs turraste plassar. Så kunstig vatning er heilt avgjerande. Heldigvis er ikkje Lærdalselvi berre ei kjent lakseelv, den har til alle tider stått heilt sentralt for landbruket i Lærdal. I tidlegare tider vart vatningsveiter som gjekk gjennom heile dalen brukt til å vatne med. I dag brukar me pumper til å pumpe vatn opp ca 30 høgdemeterane frå elva opp til garden.

 

Dryppvatning

Sjølv om morellene ikkje tåler vatn direkte, så treng trea myekj vatn. Løysinga på dette problemet er dryppvatning. Dryppvatning er slangar som ligg under trea og følger rendene. Med gjamne mellomrom er det eit lite hol i slangen, slik at vatnet drypper jamnt og trutt, og passar på at trea får vatn.

Systemet brukast også til å gjødsle med. Då blir gjødsel blanda ut i vatnet, og på den måten kan man effektivt gi kvart tre akkurat den mengda gjødsel som trengs.