Det eksistera nok ikkje noko maskin for å hauste moreller, så kvar enkelt frukt må plukkast for hand. Dette er sjølvsagt veldig tidkrevjande, fordelen er kvalitet. Ved at kvar enkelt morell blir handplukka av dyktige arbeidarar, sikrar det også høg kvalitet på haustinga.
Korg
Me haustar i to ulike kvanta: korg og kasser.
Korgene har du sikkert sett før, det er dei svart korgene du får kjøpt i boda vår ein varm sumardag. I våre korger finn du berre dei mørkaste og mest mogne morellane, som har mest smak og høgast sukkerinnhald. Frukt med denne modningsgraden er veldig skjør for lagring og transport, difor får du alltid døgnferske moreller i boden vår.
Pall
Produksjonen på Midt-Ljøsne er større det ei lita bod lang europavegen kan ta unna. Resten blir plukka i kasser og satt på pall. Det er desse du til slutt finner på din lokale Rema eller Rimi. Tre gonger om dagen blir desse pallane henta med lastebil og køyrt rett til pakkeriet på Lærdal Grønt, eit samvirke mellom frukt- og grøntprodusentane i Lærdal.
Moreller blir hausta på litt forskjellig mogningsgrad. Høgare mogningsgrad gir søtare og fyldigare smak mens lysare frukt har syrlegare smak. Sistnemnde tåler også lenger transport og lagring. Difor sorterer pakkeriet – maskinelt og visuelt – både på størrelse og mogningsgrad. Og på den måten kunne gi eit best mogeleg produkt til flest mogeleg i Noreg.